Best å bo

Øvre Surnadal er ei bygd i Surnadal kommune på Nordmøre. Bygda ligg mellom to kommunesenter, slik har vi lett tilgang til arbeidsplassar, butikkar og fritidsaktivitetar i både Rindal og Surnadal kommune. På Åmot går det bilveg opp på Nordmarka til pent turterreng og fiskevatn. Frå Kvammen og Holtamoan går det vegar inn i Trollheimen. På Mo Oppvekstsenter er det barnehage og barneskule. Her får barna ein god, morosam og trygg oppveksten.

Med utsikt til Trollheimshytta, Geithetta, Mellomfjellet og Storlifjellet

Med utsikt til Trollheimshytta, Geithetta, Mellomfjellet og Storlifjellet
Pål på Snoteggen. Snota er det mest markerte fjellet og vel det vakreste fjellmassivet i Trollheimen. Eggen mellom sørveggen og østveggen kalles Snoteggen. Snoteggen byr på rangling av høy kvalitet og flott utsikt til stupene, Snotbreene og frodige Folldalen. Foto: Trollheimen Aktiv

Vår del av Trollheimen

Øvre Surnadal ligg nord i Trollheimen. Bilvegen inn i Folldalen går ca. 17 km mot Trollheimshytta. Vårt høgaste fjell Snota, 1669 moh, ligg her. Den omkring 17,5 km lange Vindøldalsveien tar deg mellom anna inn til Kufjellet som er kjent for toppturar på ski. Ei grense er ofte satt til vatnskillet, bekker, elver, vatn og toppar rundt ein dal. Å finne vatnskillet til store dalar som Folldalen og Vindøldalen fører oss langt inn i Trollheimen. Store grensetoppar for Vindøldalen og Øvre Surnadal er Trollhøtta, Geithøtta, Mellomfjellet, Storlifjellet, Neådalssnota, Strankåbotnfjellet, Rognnebba, Pekhøtta og Blånebba. Øvre Surnadal har omkring 15,2 % av Trollheimens og ca 52% av kommunens del av Trollheimen. Her er ein av dei mest kjente turisthyttene i landet, Trollheimshytta. Sjølv om Trollheimshytta er eit mykje bruka turistmål, kan ein likevel oppsøke eksotiske stader der, som sjeldan eller faktisk aldri har vore besøkt. Men der kan det være troll!! Elva Surna sitt sideløp Folda er omkring 73,5 km, omkring 55,9 km av dette løpet ligg i Øvre Surnadal.

Reinsdyr på Bosvasshøgda

Reinsdyr på Bosvasshøgda
Trollheimen tilbyr godt beite og samla tal på sau er mellom 10- og 12.000 dyr. Det er reindrift her med ei stamme på ca 2.500 rein. I tillegg er det mindre mengder storfe. Det finst ikkje villrein i Trollheimen lenger. Foto: Trollheimen Aktiv

Fritidsmulegheitene for oss i Øvre Surnadal er mange. Her er noen forslag:

- Gå opp på Snota, 1669 moh, av TT skildra som ein av Norges beste toppturar.
- Gå opp på Trollhetta 1616 moh.
- Surna, Folla og Vindøla har fleire fine badehølar.
- Bade på Tjønna i Rindal eller Kalkstranda i Surnadal. Tjønna har også ei fin lysløype.
- Krype gjennom kalksteinsgrottene i Limåskyrkja på Nordmarka og Kårlikjellarn i Almbergmarka.
- Fiske i eit av dei historisk beste laksestrekningane i landet, eller i eit av våre mark- og fjellvatn.
- Besøke og overnatte på Vaulen, Hermannhytta, Setersetra, Vindølbu og Trollheimshytta.
- Kjøre motocross på to baner.
- Klatre i to innandørs klatreveggar.
- Bade i to svømmebasseng.
- Nytte deg av to allsidige idrettshallar eller tre store treningssenter i nærleiken.
- Velge film frå to kinosalar.
- Prøve klatrefeltet eller gå opp på Sandfjellet 889 moh i Øvre Surnadal.
- Juvvandring i delar av elvene Folla eller Vindøla.
- Gå på ski, jogge eller sykle i lysløypa på Holtamoen.
- Benytte deg av skytefeltet til Øvre Surnadal Skytterlag.
- Gå på kjempefuruvandring.
- Gå på topptur med ski til Snota, Sandfjellet eller Kufjellet.
- I Sagatun Grendahus er det mange forskjellige aktivitetar.
- Mingle på ein av dei storstilte pinsefeiringer i bygda.
- Prøv skaterampen (miniramp) på Austigard Harang.
- Gå Kløvvegmarsen opp til Vindøldalen.
- Prøve ein guida tur, ei oppleving eller ta eit av mange fjellsportskurs frå Trollheimen Aktiv.
- Delta på Sildballfestivalen, Laksefestivalen, Norsk Vandrefestival og Vårsøghelga.
- Dra på urban shopping i Molde, Kristiansund eller Trondheim.
- Kjøre eller leie ein båt innover Gråsjøen.
- Ri og stelle hestar hos Folda Hest og Miljø.
- Mo kyrkje, ei av dei få Y-kyrkjene i landet.
- Starte med paraglider frå Duvåsen, og oppleve den gode termikken ved Sandfjellet.

Trygt, godt og sosialt læringsmiljø ved Mo Oppvekstsenter

Trygt, godt og sosialt læringsmiljø ved Mo Oppvekstsenter
I gamle dagar var det omgangsskule i Øvre Surnadal, lærarane reiste rundt og ga barna i dei ulike grendene undervisning på omgang. Undervisninga skjedde rundt om på gardane, som fekk pålegg om å halde læraren med mat og hus, og elevane med klasserom på omgang. Omgangsskulen i Mo Skulekrets tok slutt i 1862. Kretsen leigde deretter faste rom på ein gard – for eitt eller fleire år om gongen. I Øvre Mo heldt dei til i Bortistua på Sande eller i Alvstua på Fiske. Nedre Mo fekk fast lokale i Lånna og seinere i Børstua. I 1890 vart det vedteke å bruke lærarinner i småskulen. Til Mo-sokna kom Marit Krogh i 1895. Det er muleg at Mo-sokna har to rekordar: John Dalseg var lærar i 47 år utan ein eineste fråværsdag og ein skuleklasse i midten av 1950 åra hadde tre tvillingpar. Mo skulekrets ved Nedre Mo fikk sitt første skulehus i 1897 for kr 3.000,-. Dette skulehuset står nær Røvsbrua. I 1950 var det tre krinsar i Øvre del av Surnadal: Øvre Mo, Nedre Mo og Honstad. I 1958 vart krinstilsynet og lærarar samd om at det burde bli ein 7-delt skule for Øvre Surnadal. Men så vart Honnstad lagt til Øye i forbindelse med 9-årig skule i kommunen. Dermed gjekk Øvre og Nedre Mo saman og laga ein ny skule i Mo Sokn. Under valet av plassering av ny skule stemte 105 for Sande, 81 for Moen og 52 for Skjermo. Men skulestyret bestemte at skulen skulle ligge på Mo, der han fortsatt står i dag. Den første delen av dagens Mo Oppvekstsenter vart bygd i 1964 og ligg på nordsida av elva Surna nær Mo Kyrkje, midt i grenda. For å komme seg dit frå riksvegen kan man kjøre over brua frå Røv eller Solem. Elevtalet varierer frå omkring 40 til 50 elevar og barnehagen har frå 25 til 30 barn. Arne Landsem er rektor/einingsleiar og styrar i barnehagen er Linda Aasbø Kvande. Red. LIH. Foto: Mo Oppvekstsenter

Lars Holten og Mikal Harang ved Holtahølen i 1968

Lars Holten og Mikal Harang ved Holtahølen i 1968
Surna er for tida den største og viktigaste lakseelva på Nordmøre. Vatnet i elva kjem frå Trollheimen og frå fjellområda nord for elva. Den lakseførande delen av elva er svært lang, og i år med god vatnføring kan det gå laks heilt til Lomundsjøen i Rindal. Surna er delt opp i soner og det må kjøpast fiskekort for kvar enkelt sone. I Trollheimen er Follsjøen og Gråsjøen regulert til kraftproduksjon, og nedanfor kraftstasjonen på Harang er vatnføringa i Surna nokonlunde stabil gjennom sommaren. Ovanfor kraftstasjonen kan det i tørre periodar være relativt lite vatn i elva, men ved overløp på dammane og i regnværsperiodar kan det være riktig godt fiske også ovanfor Harang. Som i dei andre elvene er fisket best i Surna når elva er forholdsvis stor. Alle fiskarar er pliktige til å rapportere fangsten. Antal fisk og vekten må skrivast på fiskekortet som blir retunert der det vart kjøpt. Den største laksen som er teken på stang i Surna var 26,5 kg. Gjennomsnittsstørrelsen på laksen i Surna er omkring 5 kg (2014) . Jamt over er det alltid nokon som tek laks på 17 - 18 kg kvart år. Surna har mange djupe hølar og her kan ein få storlaks. Sjøaura veg normalt 0,5 - 2,0 kg, men fisk på 5 - 6 kg er ikkje uvanleg. Laks og sjøaurefiske er tillete frå og med 1. juni til og med 31 august. Det kan fiskast både med sluk, flue og mark. Reker og levande fisk som agn er forbode, likeså sluk med meir enn trippelkrok. Deler av elva er også eksklusivt atterheldt til reint fluefiske. Sjå meir om dette inne på dei forskjellige valla. For at alle som fiskar i ei sone skal få tilgang til dei beste fiskeplassane, skal det være bevegeleg fiske i elva. Fiskinga startar øverst i sona og fiskarane beveger seg nedover etter kvart som dei fiskar. Foto: Austigard Harang

Postnumre

Vi med postnummera 6653 og 6655 blir kalla Øvre Surndalingar. Grovt sett har dei vest for Mo Kyrkje adresse 6655 og de aust for kyrkja 6653. Denne heimesida fokuserer på desse stadene.





















.
Ingen innlegg.
Ingen innlegg.